fredag 24. mars 2017
I haust sender Latin-Amerikagruppene (LAG) unge menneske frå Norge på solidaritetsbrigade til Colombia. Er du medlem av Industri Energi, kan du søke om stipend.
LAG har ei lang tradisjon for å sende unge, samfunnsengasjerte nordmenn til lokalsamfunn i Latin-Amerika for solidaritetsbrigade. I slutten av august går turen for første gong til Colombia.LAG samarbeider med det colombianske nettverket Coordinador Nacional Agrario (CNA), som organiserer over 30 lokale og regionale bondeorganisasjonar på landsbygda.
Som solidaritetsbrigadist lærer du spansk, deltek på politisk program med lokale organisasjonar og du bur på landsbygda og deltar i dagleglivet til familiane der. Desse erfaringane og denne nye kunnskapen blir teke med heim inn i livet i Norge hvor vi jobber for å formidle det videre.
Du må være mellom 18 og 35 år, og det er en fordel med spanskkunnskaper. Avreise er 28. eller 29. august. Oppholdet i Colombia blir avslutta rundt 20. desember. Det er også eit opplegg i Norge før og etter avreise. Søknadsfristen er 1. april. Les meir om reisa på LAGs nettsider.
Eigenandelen er på 20.000 kroner, og lommepenger er ikkje inkludert. Men som medlem i Industri Energi, kan du søke forbundet om stipend når du deltek i LAGs brigade. Du kan få dekka eigenandel, lommepenger og eventuelle faste utgifter knytt til bustaden og bilen din.
Kontakt Industri Energis internasjonale rådgjevar Amalie Hilde Tofte på epost eller telefon 02390 for å få meir informasjon om stipendet.