Vis di støtte til fengsla fagorganiserte i Bangladesh!

Tilsette ved Industri Energi i Oslo støttar dei fagorganiserte i Bangladesh. Ta eit bilete på samme måte du også! Foto: Elin B. Øvrebø
Tilsette ved Industri Energi i Oslo støttar dei fagorganiserte i Bangladesh. Ta eit bilete på samme måte du også! Foto: Elin B. Øvrebø

onsdag 8. februar 2017

Sidan desember har 12 fagforeiningsleiarar, som jobbar ved tekstilfabrikkar knytt til IndustriALL, vore fengsla av styresmaktene i Bangladesh. Industri Energi oppmodar statsminister Erna Solberg til å kreve at fagforeiningsleiarane slepp ut av arresten.

Industri Energi er sterkt uroa over korleis fagforeiningsleiarane i Bangladesh blir behandla. Sidan 21. desember har 12 fagforeiningsleiarar blitt fengsla. Dette skjedde etter ei veke med streik og demonstrasjon blant arbeidarane for å kreve høgare lønn.Onsdag sendte forbundsleiar Leif Sande i Industri Energi protestbrev til statsminister Erna Solberg og regjeringa i Bangladesh. Håpet er at Solberg tar tak i saka og set krav til regjeringa i Bangladesh om at dei fengsla blir sloppe fri.

Norge har eit ansvar

Internasjonal rådgjevar Amalie Hilde Tofte håper mange medlemmer vil vise si støtte. Foto: Elin B. Øvrebø
Internasjonal rådgjevar Amalie Hilde Tofte håper mange medlemmer vil vise si støtte. Foto: Elin B. Øvrebø

Norge har eit ansvar for å gjere noko, meiner internasjonal rådgjevar Amalie Hilde Tofte i Industri Energi.

– Arrestasjonane er nok eit angrep på organisasjonsretten og streikeretten. Me kan ikkje godta at dei som syr kleda og skoa våre ikkje får ei løn å leve av, arbeider under elendige tilhøve som øydelegg helsa deira og i verste fall tek livet av dei. Me kan ikkje godta at fagforeiningskameratar vert fengsla eller må gå under jorda fordi dei protesterer mot desse tilhøva, og me kan ikkje godta at styresmaktene i Bangladesh prøver å knuse fagrørsla, seier ho.

Bli med i protesten!

Rådgjevaren oppmodar alle våre medlemmer til å vise si støtte til dei fagorganiserte i Bangladesh. Det kan dei gjere ved å ta eit bilete av seg sjølve og solidaritetsplakaten frå IndustriALL, legge det ut på sosiale media med hashtaggen #EveryDayCounts og sende bilete på epost til press@industriall-union.org.

Solidaritetsplakaten finn du i vedlegget under artikkelen.

Bangladesh, solidaritetsplakat